Aktuelt

Publisert 11. oktober, 2015 | av Vidar Lund

0

Ein bibliotekar kjem heim

Del gjerne:

Biblioteksjef Vidar LundSå var dagen komen. 1. oktober starta eg som biblioteksjef på Levanger bibliotek.

Eg fekk mitt fyrste lånekort på heradshuset på Skogn i 1981. Randi og Marit regjerte på bibliotekfilialen, der utvalet var stort for ein fløt 7-åring som hadde lese i to år allereie…

Etter nokre år måtte perspektivet utvidast, og eg vart introdusert for hovudbiblioteket på Levanger. Den gongen låg det framleis på Fenka, og Sveinung kan ikkje ha vore biblioteksjef i mange år då eg fekk lånekort der òg. Ein kunne jo ikkje ha same lånekort på Skogn og Levanger!

Sidan den gong har biblioteket flytta to gonger, eg har vorte bibliotekar og fare vidt omkring (Oslo, Kirkenes og Stavanger/Time), og mykje har skjedd både i Levanger og verda elles. Bibliotek har vi framleis bruk for, og kjem til å ha det i overskodeleg framtid.

Her låg både biblioteket og skuletannlegen på Skogn

Levanger bibliotek har utvikla seg i alle dei år. Biblioteket har mellom anna vore tidleg ute med moderne teknologi, har utvikla ei framifrå lokalsamling og er mellom dei beste i Noreg på formidling i sosiale media. #bokfjesfredag er vorte ein slager. I tillegg fyller ein sjølvsagt funksjonane som alle bibliotek har, med ei variert mediesamling til utlån, arrangement for vaksne og barn, trådlaust nett for dei som treng det – samstundes som det er ein terskelfri møtestad for kven som helst.

Kva er så mine ambisjonar for biblioteket? Min siste leiar der eg jobba sist, i Rogaland fylkeskommune, starta i jobben i vår med mottoet «Evolusjon, ikkje revolusjon». Eg trur det er eit godt utgangspunkt for utvikling. Revolusjonar hiv gjerne alt ut med badevatnet, medan evolusjonen tek med seg det gode vidare. Det må vi gjera på Levanger bibliotek òg. I tillegg må vi tenkje kreative tankar om korleis vi skal utnytte bygget betre, korleis vi skal gje bibliotektenester til heile kommunen og korleis vi skal bli endå flinkare til å drive formidling både på nett og analogt. Og så må vi prioritere, vi har ikkje uavgrensa med ressursar heller!

Difor blir noko av det viktigaste som skal gjerast i året frametter å jobbe med «Temaplan bibliotek», noko som er eit punkt i den vedtekne kommunedelplanen for kultur for Levanger. Der skal vi sjå på korleis bibliotektenesta i Levanger skal utviklast vidare til beste for innbyggjarane i kommunen.

Eg gler meg til å jobbe med dette og å jobbe i Levanger. Ta gjerne kontakt på Facebook, Twitter, e-post – eller stikk innom biblioteket! Vi har mykje å by på for alle.


Om forfatteren

mm

Vidar er 44 år og fødd og oppvaksen på Skogn. Etter å ha vore utabygds i 22 år med base i både Oslo, Kirkenes og Stavanger kom han tilbake til Levanger i 2015, denne gongen som biblioteksjef på Levanger bibliotek. Utanom jobben så er rolla som matfar for lundehunden Dag viktig. Andre interesser er korsong, målsak, lokalhistorie og andre samfunnsspørsmål. Som biblioteksjef er Vidar fagleg ansvarleg for drift og utvikling av folkebibliotektenesta i Levanger, og har særleg ansvar for utarbeiding av temaplan for bibliotek og lokalsamlinga på biblioteket.



Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back to Top ↑