Aktuelt Utvikling av utlån ved Levanger bibliotek 2011-2015

Publisert 13. januar, 2016 | av Vidar Lund

0

Større bokutlån, mindre film og musikk ved Levanger bibliotek

Del gjerne:

Trass i at Levanger bibliotek hadde ein liten nedgang i totalutlånet, er det mange positive trekk når vi skal oppsummere 2015. Det er gledeleg å sjå at utlånet av bøker går litt opp, og satsinga på arrangement for både vaksne, barn  og unge viser resultat gjennom ein sterk vekst! Bruken av sosiale media har eksplodert, med god og viktig respons til biblioteket.

Utlån og besøk (alle tala i parentes er 2014-tal)

Levanger bibliotek hadde ein nedgang i utlånet med 2,2 % (2014: +1,1 %). Talet på utlån og fornyingar var 71066 (72630). Det var 3988 (3945) lånarar som lånte bøker eller anna materiale. På grunn av svikt i teknikken er ikkje besøkstala fullt ut å stole på, men eit overslag basert på historiske tal viser eit besøk på 77074 (77201), dvs. ein nedgang på 0,2 %.

Bokutlånet aukar, mens utlånet av musikk nesten er borte.

Det totale utlånet viser som sagt ein nedgang på 2,2 % (+1,1). Frå 2014 til 2015 er utviklinga positiv på nesten alt bokutlån: skjønnlitteratur til vaksne gjekk opp 5,9 % (-4,8 %), faglitteratur til vaksne opp 5,4 % (-12,1 %), faglitteratur til barn opp 7,3 % (+22,8 %). Skjønnlitteratur til barn gjekk ned 6,8 % (+10,3 %). Dette er ikkje medrekna e-bøker, som aukar med 102,3 % frå 2014. Av e-bokutlånet er over 90 % skjønnlitteratur. Heile nedgangen for skjønnlitteratur til barn kjem av redusert utlån til skular og barnehagar. Ungane sjølve låner meir, dei har lånt over 14 % meir skjønnlitteratur enn i 2014.

Ser vi på dei andre mediegruppene, ser vi (ikkje overraskande) at nedgangen i all hovudsak gjeld film med -11,6 % (-9,9 %) og musikk med -34,1 % (-37,5 %). Samanliknar vi med toppåret 2009, er filmutlånet redusert med 54 %. Det same gjeld musikkutlånet, det er redusert med 83 % i høve til toppåret 2003. Her finst det etter kvart greie kommersielle abonnementsordningar, særleg på musikk. Det er likevel verdt å merke seg at film framleis er ein viktig del av utlånet, og det er truleg slik at dei kommersielle abonnementstenestene er så ufullstendige at mange brukar biblioteket som supplement.

Bibliotekbruk er elles dominert av kvinner. Litt mindre i 2015 enn i 2014, utlånet til menn har auka med 4,36 %, mens utlånet til kvinner har gått ned med 2,23 %. Dvs. at av utlånet til personar så er 29,8 % av utlånet til menn og 70,2 % til kvinner.

Levanger er ein kommune med ein by og mange bygder. Om vi fordeler på Levanger, Ytterøy, Skogn, Ekne, Ronglan, Markabygda og Åsen (inkl. Åsenfjord) etter postnummer, ser vi store skilnader mellom distrikta, mens det er meir stabilt på Skogn, Åsen og Levanger. Utlånet til eknesbygg har gått ned med 28,05 %, ronglansbygg med 17,47 % og ytterøyingar med 5,59 %. Markabyggen låner derimot meir, med +13,43 %. Åsbyggen låner minimalt mindre (0,27 %), mens skogningar og levangsbygg låner ørlite meir med 0,38 % og 0,66 5.

Stabilt besøk

Besøkstala er diverre litt usikre, sidan vi hadde tekniske problem med den eine besøksteljaren i heile tre månader i 2015. Men basert på teljaren som fungerte og historiske tal, har vi gjort eit overslag og funne ut at besøket var om lag like stort i 2015 som i 2014, dvs. rundt 77.000.

Av andre ting som er interessant å sjå, er kva tidspunkt biblioteket er mest brukt. Det er størst sjanse for å treffe folk på biblioteket på laurdagen mellom 11 og 12. Vil du ha biblioteket mest for deg sjølv, er sjansen størst på torsdag frå 17-18. Generelt er den siste opningstimen minst besøkt. I og med at biblioteket stengjer så tidleg som kl 18, går ein nok glipp av ein del som kunne tenkt seg å gå på biblioteket etter at middagen er unnagjort. Vi har henta inn tal frå Steinkjer, som stengjer ein time seinare, og der er besøket mykje høgre på ettermiddagen. Det er nok inga overrasking at auka tilgang gir auka bruk.

Arrangement

Levanger bibliotek har satsa på arrangement i fleire år no, både for vaksne og ungar. I 2015 var det 150 arrangement vi hadde på huset eller var med og arrangerte andre stader. Til saman var det 2906 deltakarar på arrangementa. I 2014 var tilsvarande tal 108 arrangement med 2074 deltakarar. Ein oppgang på over 40 % som resultat av ei bevisst satsing gjennom heile året.

Sosiale media

Levanger bibliotek er særs aktivt på sosiale media. Vi har aktive kontoar på Facebook (Opp frå 530 til 750 følgjarar), Instagram (1439 følgjarar), Snapchat (67 følgjarar), Twitter (301 følgjarar)  og denne bloggen.

I snitt har Facebook-innlegga nådd 409 personar i 2015, mot 94 i 2014. Kvar posting vart i snitt likt 16 gonger, mot 4 gonger i 2014. Av dei som følgjer oss på Facebook er 73 % kvinner og 27 % menn.

Og i 2016?

Satsinga på arrangement held fram. Vi lanserer vårprogrammet neste veke, og kan lova mykje forskjellig for både store og små!

Utvikling av utlånsstatistikk ved Levanger bibliotek 2011-2015

Utvikling av utlån ved Levanger bibliotek 2011-2015. Klikk på biletet for å sjå teksten tydelegare.

Stikkord: , , , , , ,


Om forfatteren

mm

Vidar er 43 år og fødd og oppvaksen på Skogn. Etter å ha vore utabygds i 22 år med base i både Oslo, Kirkenes og Stavanger kom han tilbake til Levanger i 2015, denne gongen som biblioteksjef på Levanger bibliotek. Utanom jobben så er rolla som matfar for lundehunden Dag viktig. Andre interesser er korsong, målsak, lokalhistorie og andre samfunnsspørsmål. Som biblioteksjef er Vidar fagleg ansvarleg for drift og utvikling av folkebibliotektenesta i Levanger, og har særleg ansvar for utarbeiding av temaplan for bibliotek og lokalsamlinga på biblioteket.



Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back to Top ↑