Aktuelt Lesekampanjen Sommerles

Publisert 12. juli, 2016 | av Vidar Lund

0

Sommarles for livet!

Del gjerne:

Lesarinnlegg i Innherred 12. juli 2016

Lesekampanjen Sommerles

I sommar har biblioteka i Nord-Trøndelag gått i lag i kampanjen Sommarles (www.sommerles.no) for å fremme lesing for ungar i barneskulen. I Levanger har så langt 353 elevar i 1.-7. klasse meldt seg på, nesten 1 av 4. Sidan oppstarten har dei lese 1435 bøker med til saman 133 719 sider! Det er framleis plass til mange fleire.
Kvifor er dette viktig? Når det er fri og fint vêr, kvifor skal ungane lesa?

Det er forska mykje på kva som er grunnen til at ungar gjer det bra og dårleg på skulen. Foreldra sitt utdanningsnivå er trekt fram som ein viktig faktor. Sosial klasse har òg vore sett som viktig. No viser nyare forsking at det aller, aller viktigaste er kor mykje ungane les av eiga lyst! Då er det ikkje viktig kva de som foreldre tener eller kor mykje utdanning de har, men kor ofte de tar med ungane på biblioteket eller bokhandelen og hjelper dei med å finne ei god bok.

Her i Trøndelag er vêret såpass ustabilt at alle kan sende ungane ut i sola med godt samvit! Men innimellom solgløtta er det god tid til å kose seg med ei bok. Biblioteka og bokhandlarane har eit godt utval med spennande, artige, grøssande, lettlesne, interessante, kule og romantiske bøker.

Send dei til oss så dei kan få hjelp til å finne bøkene dei vil like å lesa. Då får dei gode opplevingar på gråvêrsdagane òg, samstundes som det er med på å gje dei litt meir ballast for framtida.

Vidar Lund
Biblioteksjef i Levanger

Stikkord: ,


Om forfatteren

mm

Vidar er 43 år og fødd og oppvaksen på Skogn. Etter å ha vore utabygds i 22 år med base i både Oslo, Kirkenes og Stavanger kom han tilbake til Levanger i 2015, denne gongen som biblioteksjef på Levanger bibliotek. Utanom jobben så er rolla som matfar for lundehunden Dag viktig. Andre interesser er korsong, målsak, lokalhistorie og andre samfunnsspørsmål. Som biblioteksjef er Vidar fagleg ansvarleg for drift og utvikling av folkebibliotektenesta i Levanger, og har særleg ansvar for utarbeiding av temaplan for bibliotek og lokalsamlinga på biblioteket.



Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back to Top ↑