Aktuelt 2013-2017

Publisert 3. januar, 2018 | av Vidar Lund

0

Vekst i bokutlånet i 2017

Del gjerne:

Levangsbyggen låner mykje meir fagbøker for vaksne og mindre og mindre musikk og film. Talet på besøkande går opp, både til kvardags og på arrangementa våre. 

Utlån og besøk

I 2017 hadde Levanger bibliotek ein nedgang i utlån og fornyingar med 2,1 % (2016: +2,5 %). Talet på utlån og fornyingar var 71144 (2016: 72640). Det var 4116 (2016: 4221) lånarar som lånte bøker eller anna materiale. I 2017 var det ein fin oppgang i talet på besøkande, vi hadde 77543 personar innom dørene (2016: 75052). Dette er ein oppgang på 3,3 % (2016: -2,8 %).

Bokutlånet aukar litt, mens utlånet av musikk nesten er borte.

Det totale utlånet viser som sagt ein nedgang på 2,1 % (2016: +2,5 %). Når vi går inn på dei enkelte delane held vi fornyingar utanom og brukar berre førstegongsutlån. Frå 2016 til 2017 er utviklinga veldig ulik når det gjeld bokutlån: skjønnlitteratur til vaksne gjekk ned 2,2 % (2016: +5,5 %), faglitteratur til vaksne kraftig opp 23,8 % (2016: +7,7 %), faglitteratur til barn ned 3,9 % (2016: -5,5 %). Skjønnlitteratur til barn gjekk ned 0,9 % (2016: -0,5 %). Dette er ikkje medrekna e-bøker, som aukar med 6,2 % (2016: +12,1 %). Heile nedgangen for skjønnlitteratur til barn kjem av redusert utlån til skular og barnehagar. Ungane sjølve låner meir, dei har lånt over 2,5 % meir skjønnlitteratur enn i 2016 (2016: +13,3 %). Her kan nok Sommarles vera ein viktig faktor.

Ser vi på dei andre mediegruppene, ser vi (ikkje overraskande) at nedgangen i all hovudsak gjeld film med -12 % (2016: -15,5 %) og musikk med -28,8 % (2016: -5,1 %). Samanliknar vi med toppåret 2009, er filmutlånet redusert med 71,4 %. Det same gjeld musikkutlånet, det er redusert med 87,4 % i høve til toppåret 2003. Her finst det no kommersielle abonnementsordningar. Det er likevel verdt å merke seg at film framleis er ein viktig del av utlånet, og det er truleg slik at dei kommersielle abonnementstenestene er så ufullstendige at mange brukar biblioteket som supplement. Filmar og seriar kjem framleis først på kino, deretter DVD/Blu-ray og til slutt i strøymetenestene.

Levanger er ein kommune med ein by og mange bygder. Om vi fordeler på Levanger, Ytterøy, Skogn, Ekne, Ronglan, Markabygda, Åsen og Åsenfjord etter postnummer, ser vi store skilnader mellom distrikta. Utlånet til eknesbygg har gått opp med 5,4 % (2016: -3,5 %), ronglansbygg ned med 19,2 % (2016: +83 %) og ytterøyingar ned med 2,5 % (2016: -8,5 %). Markabyggen låner meir, med +27 % (2016: -30,1 %). Åsbyggen låner 12, 4 % mindre (2016: +61,1 %), mens dei i Åsenfjorden låner 23,3 % mindre enn i 2016 (2016: +65,4 %).  På Levanger låner dei 2,1 % meir (2016: +1,9 %), mens skogningane låner mindre, med -5,2 % i 2017 (2016: -11,8 %).

Besøket går opp

Trass i ein liten nedgang i utlån så går besøkstala oppover! 77543 var innom dørene, ein oppgang på 3,3 % (2016: -2,8 %).

Av andre ting som er interessant å sjå, er kva tidspunkt biblioteket er mest brukt. Det er størst sjanse for å treffe folk på biblioteket på laurdagen mellom klokka 12 og 13. Vil du ha biblioteket mest for deg sjølv, er sjansen størst på fredag frå 9-10. Generelt er den første opningstimen minst besøkt, etter at vi utvida opningstida med ein time på morgonen utan personal. I og med at biblioteket stengjer så tidleg som kl 18, går ein nok glipp av ein del som kunne tenkt seg å gå på biblioteket etter at middagen er unnagjort.

Arrangement

Levanger bibliotek har satsa på arrangement i fleire år no, både for vaksne og ungar. I 2017 arrangerte vi, eller var med og arrangerte, 185 arrangement (2016: 185). Til saman var det 4910 deltakarar på arrangementa (2016: 3785). Det er altså like mange, men større arrangement. Oppgangen er størst for vaksne, men det kjem fleire på barnearrangementa òg.

Sosiale media

Levanger bibliotek er særs aktivt på sosiale media. Vi har aktive kontoar på Facebook (Opp frå 1065 til 1373 følgjarar), Instagram (2769 følgjarar), Twitter (420 følgjarar)  og denne bloggen.

I snitt har Facebook-innlegga nådd 988 personar i 2017 (2016: 864). Kvar posting vart i snitt likt 14 gonger (2016: 16).

Og i 2018?

I 2017 prøvde vi ut mange ulike ting. I 2018 blir det nok kanskje litt rolegare, men vi har fått midlar frå både Fritt Ord og Nasjonalbiblioteket som gir oss høve til å lage kvalitetsmessig gode arrangement. Vi gleder oss!

Her er tala for førstegongsutlån litt meir grafisk. Klikk på bildet for å få det litt større og skarpare.

2013-2017

Stikkord: , , , ,


Om forfatteren

mm

Vidar er 43 år og fødd og oppvaksen på Skogn. Etter å ha vore utabygds i 22 år med base i både Oslo, Kirkenes og Stavanger kom han tilbake til Levanger i 2015, denne gongen som biblioteksjef på Levanger bibliotek. Utanom jobben så er rolla som matfar for lundehunden Dag viktig. Andre interesser er korsong, målsak, lokalhistorie og andre samfunnsspørsmål. Som biblioteksjef er Vidar fagleg ansvarleg for drift og utvikling av folkebibliotektenesta i Levanger, og har særleg ansvar for utarbeiding av temaplan for bibliotek og lokalsamlinga på biblioteket.



Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back to Top ↑