Aktuelt

Publisert 7. januar, 2019 | av Vidar Lund

0

Nedgang i utlånet i 2018

Del gjerne:

I 2018 var det ein markert nedgang i utlånet ved Levanger bibliotek. Den aller største nedgangen gjeld – eg hadde nær sagt sjølvsagt – lyd og bilete. Film, musikk og lydbøker går framleis kraftig ned. Det er i grunnen som venta, slik utviklinga med strøymetenester går. Likevel: det er ikkje mange kategoriar som går i pluss i 2018. Den mest gledelege er skjønnlitteratur til barn. I tillegg merkar vi at tilbodet på e-lydbøker blir betre, og at satsinga på dataspel fører til lån.

Utlån og besøk

I 2018 hadde Levanger bibliotek ein nedgang i utlån og fornyingar med 5,1 % (2017: -2,5 %). Talet på utlån og fornyingar var 67486 (2017: 71144). Det var 3771 (2017: 4116) lånarar som lånte bøker eller anna materiale, ein nedgang på 8,4 %. I 2018 var det òg ein nedgang i talet på besøkande, vi hadde 69836 personar innom dørene (2017: 77543). Dette er ein nedgang på 9,9 % (2017: +3,3 %).

Skjønnlitteratur til barn aukar litt, mens vaksne låner klart mindre

Det totale utlånet viser som sagt ein nedgang på 5,1 % (2017: -2,1 %). Når vi går inn på dei enkelte delane held vi fornyingar utanom og brukar berre førstegongsutlån. Frå 2017 til 2018 er utviklinga veldig ulik når det gjeld bokutlån: skjønnlitteratur til vaksne gjekk ned 12,7 % (2016: -2,2 %), faglitteratur til vaksne relativt stabilt med -0,9 % (2017: +23,8 %), faglitteratur til barn ned 9,3 % (2017: -3,9 %). Skjønnlitteratur til barn gjekk opp 1,2 % (2017: -0,9 %). Dette er ikkje medrekna e-media, som aukar med 4,6 % (2017: +6,2 %). Oppgangen for skjønnlitteratur til barn kjem av at vaksne låner meir. Ungane sjølve har lånt litt mindre, dei har lånt 8,4 % mindre skjønnlitteratur enn i 2017 (2017: +2,5 %). Det er vanskeleg å seie årsaken, det kan vera at foreldre føretrekkjer å la ungane låne på foreldra sine kort slik at dei har betre kontroll.

Ser vi på dei andre mediegruppene, ser vi (ikkje overraskande) at nedgangen for film held fram, med -16,2 % (2017: -12 %) og musikk med -34,9 % (2017: -28,8 %). Samanliknar vi med toppåret 2009, er filmutlånet redusert med 76,1 %. Det same gjeld musikkutlånet, det er redusert med 91,7 % i høve til 2007. Film er likevel er ein viktig del av utlånet, og det er truleg slik at dei kommersielle abonnementstenestene er så ufullstendige at mange brukar biblioteket som supplement. Filmar og seriar kjem framleis først på kino, deretter DVD/Blu-ray og til slutt i strøymetenestene.

Levanger er ein kommune med ein by og mange bygder. Om vi fordeler på Levanger, Ytterøy, Skogn, Ekne, Ronglan, Markabygda, Åsen og Åsenfjord etter postnummer, ser vi store skilnader mellom distrikta. Utlånet til eknesbygg har gått opp med 25 % (2017: +7,8 %), ronglansbygg ned med 4,6 % (2017: -18,6 %) og ytterøyingar ned med 18,9 % (2017: 0 %). Markabyggen har òg ein nedgang, med 34,4 % (2017: +25,9 %). Åsbyggen låner 45,9 % mindre (2017: +25,1 %), mens dei i Åsenfjorden låner 21,7 % mindre enn i 2017 (-22,8 %).  På Levanger låner dei 5,8 % mindre (2017: +1,5 %), mens skogningane låner mindre, ned med 10,3 % i 2018 (2017: -5,5 %).

Besøket går òg ned

I 2018 opplevde vi ein sterkare nedgang i besøket.  69836 var innom dørene, ein nedgang på 9,9 % (2017: +3,3 %).

Av andre ting som er interessant å sjå, er kva tidspunkt biblioteket er mest brukt. Det er størst sjanse for å treffe folk på biblioteket på torsdagen mellom klokka 11 og 12. Tidlegare var dette laurdagen mellom 12 og 13. Dette har nok mykje med den faste lunsjbokpraten! Vil du ha biblioteket mest for deg sjølv, er sjansen størst på fredag frå 9-10. Generelt er den første opningstimen minst besøkt, etter at vi utvida opningstida med ein time på morgonen utan personale. I og med at biblioteket stengjer så tidleg som kl 18, går ein nok glipp av ein del som kunne tenkt seg å gå på biblioteket etter at middagen er unnagjort.

Arrangement

Levanger bibliotek har satsa på arrangement i fleire år no, både for vaksne og ungar. I 2018 arrangerte vi, eller var med og arrangerte, 198 arrangement (2017: 185). Til saman var det 5220 deltakarar på arrangementa (2017: 4910). Dette er rimeleg stabile tal. Der det er ein merkbar nedgang er i besøka frå skular og barnehagar. Dei aller fleste er avhengige av transport for å koma hit, noko som nok har vore ei utfordring i eit år med kutt på skulane.

Sosiale media

Levanger bibliotek er særs aktivt på sosiale media. Vi har aktive kontoar på Facebook (Opp frå 1373 til 1621 følgjarar), Instagram (2975 følgjarar), Twitter (433 følgjarar)  og denne bloggen.

Og i 2019?

2019 er erklært som det store Bokåret 2019! Vi feirar 500 år med trykte bøker i Noreg, og har fått midlar frå Nasjonalbiblioteket til å lage ein bokfest gjennom heile 2019 saman med kollegaene våre i Verdal, Inderøya, Steinkjer og Verran.

Her er tala for førstegongsutlån litt meir grafisk. Klikk på bildet for å få det litt større og skarpare.

Utlånsstatistikken for 2017

Utlånsstatistikken for 2015

Stikkord: , ,


Om forfatteren

mm

Vidar er 44 år og fødd og oppvaksen på Skogn. Etter å ha vore utabygds i 22 år med base i både Oslo, Kirkenes og Stavanger kom han tilbake til Levanger i 2015, denne gongen som biblioteksjef på Levanger bibliotek. Utanom jobben så er rolla som matfar for lundehunden Dag viktig. Andre interesser er korsong, målsak, lokalhistorie og andre samfunnsspørsmål. Som biblioteksjef er Vidar fagleg ansvarleg for drift og utvikling av folkebibliotektenesta i Levanger, og har særleg ansvar for utarbeiding av temaplan for bibliotek og lokalsamlinga på biblioteket.



Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back to Top ↑